mandag 9. august 2010

Smelvær!

Søndag 8. august lempa vi kajakkane på biltaket og sette kurset mot Staveneset. Vi har høyrt korleis Stongfjordingane skryt av Smelværet til støtt og stadig. Stille sjø og fint vær var eit godt utgangspunkt for meg, som fortsatt er i nybegynnarfasen. Store delar av været er naturreservat. Det var to gardar her i gamle dagar.

Ut frå Staveneset. Vi kryssa skipsleia og såg Smelværet i horisonten. Etter ein grå dag lysna det opp - perfekt berekning.

Alden er fin frå nord og den. Først skulle vi sjekke om det braut ved Kråka. Flatt hav. Lite bryting. Mykje grunner og skjær utover.

Tolmodig venting på dønningen. Kinn i bakgrunnen. Ikkje så veldig langt over herifrå.

Det vart bittelitt surfeleik på oss. Sel var det overalt, og dei var nyfikne på kva vi heldt på med. Oter såg vi og.

Velkomstkommiteen stod klar på Smelvær. Tenåringsvariantane av dei tre bukkene Bruse tykte det var stas med padlarar.

Nina hadde ekstremt geitetekke....Klauvar på tørrdrakt er vel eigentleg ein dårleg kombinasjon.

Kom deg vekk, parfymekajakk!

Gruppebilde er obligatorisk på tur! Kaffi og niste i sola. Deilig med sol - og endeleg litt for varmt med tørrdrakt! For første gong i år.

Ope hav har sin sjarm. Gjøa ligg rett ut her.

Etterkvart somla vi oss heimover. Gjennom Smelvær, og over til Heggøy. Smelværet VAR fantastisk. Ope hav og brytande bølgjer (i alle fall normalt) på nordsia. Skjerma og fint mellom holmar og skjær inne i været. Grunt med klårt vatn og mykje spennande marint liv å sjå. Eg har lyst ut att! Her er det mykje som kan utforskast. Eg må innrømme at det er god grunn til å skryte av dette området. Vi er jammen heldige som bur midt oppe i dette - og har vett til å komme oss ut og nyte naturen!

Dagens rute - 15,2 km på GPS-en. Klikk for større utgåve. Gjeld alle bilda.

Aktiv helg for Askvoll padleklubb. Jørn Magne hadde grunnkurs i Askvoll og Odin var på familiedag i Holmedal med padleaktivitetar for barn og rulleshow. Og vi var altså på ein av sommarens finaste turar. Heimatt var det BLIKKSTILLE på sjøen, og vi rakk akkurat inn i Stavenesvågen til det mørkna.

3 kommentarer:

  1. Neste gong vil eg og vere med.. Fantastisk område for padling!

    SvarSlett
  2. Neste gong vil eg ha Greenlanden..;O)Er lett med på fleire turar ut, så det må vi få til om ikkje lenge.

    SvarSlett
  3. Då må vi sloss om den..

    Neida, som gode "skåp- SV-arar" vi er så må vi jo dele godene. Og eg har jo to andre supre kajakkar til turbruk! ;-)

    SvarSlett