mandag 30. april 2012

Padling på Vigra

Måndag 30 april. Siste dag av super padlehelg. Blå måndag på sjøen kan eg like.. Grått og vind, men humøret på topp, og lunsjen i boks (bokstavleg talt).

Ut frå hamna på Roald. Det var vi og barnehagen som var klar for tur. Ungane likte kajakkane, men eg fekk ikkje støtte for at det var best med raud.. Smågutane tykte dessutan at det var grueleg interessant at vi hadde hjelmar.

Nina på veg ut mot Molnesrevet. Alt vert litt meir anonymt på ein grå dag, men friskt å vere ute. Bøndene på Vigra dreiv med våronn, så det var tidvis meir kumøkk enn sjøluft som reiv i nasen.

Kenneth hadde skrytt på seg at det var mykje sel i området, og jammen fekk vi sjå eit par. Sjekk steinen til venstre for skuldra her ein gong til...

Det var frisk motvind det første stykket. Inn mot Rørvikvågen var det fine bølger for medsjøpadling. Litt vanskeleg å fange skikkeleg surf på dei, men veldig kjekt å prøve. På sørsida av vågen var det grunt og små holmar og skjer. Vi for mot Blimsanden for lunsj.

I ei fin hamn fann vi livd for nordavinden og rigga oss til. Brått høyrde vi eit skrik, og Nina var vekk. Ho sklei på ein stein og ramla så lang ho var. Når steintøff dame møter knallhard bergart må det gå gale. Vi tenkte nødnummer og ambulanse ei stund. Det viste seg at ribbeina hadde teke mesteparten av støyten. Det er altså ikkje padlinga som er farleg, men pausane.



Nina: Bleik men fatta. Varm lunsj vart det og alle padla tilbake.

Ulla fyr til høgre. Tilbake padla vi litt lenger ute. Vinden hadde stilna. Det var ikkje lenger ein kamp i motvind, men fantastisk padling i store dønningar og levande sjø.


Lepsøya bak.

Turen vart ca 17 km.

Vigra har mykje å by på. Tre dagar med fullstendig forskjellig padling og turar. Kongehelg! Det var berre eit lite skår i gleda når Nina såvidt klarte å sette seg inn i bilen.

Etterpåklokskap: Brest i ribbein gjer veldig vondt. No bit vi naglar for korleis det skal gå med neste padleeventyr.

1 kommentar:

  1. Du har mange fine padleområde rundt deg, ser eg!

    Det er vondt å padle med ribbebeinsproblem..

    Helsing ein ekspert på område..
    (som har slutta med oldboysfotball no)

    SvarSlett